onsdag 17. november 2010

Oppsummering

Tenk at eg skulle oppleve å kome i mål med kurset! Det hadde eg ikkje trudd for ei veke sidan.
Tusen takk til fylkesbiblioteket og Siv for godt arbeid:) Veldig bra tilrettelagt kurs med forståelege oppgåver.

Eg visste ein del om sosiale medier frå før av, men har lært så mykje, mykje meir. Sjølvsagt skulle eg ha jobba meir med kvart tema, men no har eg iallefall fått ei god oversikt og kan pludre vidare på eiga hand. Håper fybbloggen er tilgjengeleg ei stund til framover?

Det er mange spennande nettsamfunn der ute som biblioteket sikkert burde hive seg på. Både med tanken på å gi lånarane betre sørvis, men også våre moglegheiter til å nå nye brukarar. MEN det krev TID. Undervegs i kurset fekk biblioteket vårt si eiga Facebook-side, og den må vi halde "levande". Eg trur kanskje det held i første omgang. Av alle nettsamfunn ein kan delta på, så trur eg Facebook er den staden ein, samla sett, treff flest brukarar/ potensielle brukarar. I dag. I morgon kan alt vere annleis.

Å arbeide i nettsky

Google docs er glimrande! Har brukt det litt tidlegare, til budsjettoppsett og kalenderføring saman med den utearbeidande husbonden min, og til å følgje med på kampresultat under fotballcupar o.l. Men først då Guri inviterte meg med på å opprette ei liste over gode ungdomsbøker vart det gøy! Det er meint at denne lista skal vere til hjelp for oss og andre i vårt daglege virke. Eg har allereie påført nokre nye titlar, og meir skal det bli. Sidan vi er så godt i gang, så valgte eg å legge vårt felles dokument inn i bloggen min. Eg har altså ikkje oppretta dette sjølv, men skjønar framgangsmåten. Guri gjorde meg til medeigar (owner) av dokumentet, av di vi ikkje var heilt sikre på om det hadde betydning for om eg fekk publisert det eller ei.



Ser ikkje så aller verst ut. Bala ein del med å endre storleiken på vindauget, antakeleg har eg kopiert nokre teikn for mykje. Men etter nitidig konsentrasjon og høgtlesing gjekk det kjempefint. Å endre storleiken ved å dra i hjørna på tekstvindauget fekk eg ikkje til.
TIL GURI: Prøver så godt eg kan å skrive etter ditt mønster, men teksten hoppar rundt og legg seg både her og der. Har ikkje tid til å gjere noko meir med det i dag, for no skal det skrivast OPPSUMMERING. HURRA!!


Wiki

I byrjinga var eg litt skeptisk til Wikipedia, i og med at alle kan skrive inn det dei måtte finne for godt. Og det var ikkje mange dagane før vi skulle starte dette kurset at eg sa til sonen min at han ikkje skulle bruke Wikipedia for "det er ikkje alltid til å stole på". Det skal det visstnok vere, iflg Thomas Bredvik, så no har eg endra syn. Eller, for å seie det på ein annan måte, eg kan snakke høgt om at eg har brukt og brukar Wikipedia i referansearbeidet. Godt å vite at det er heilt ok.
Ser fordelen med Wikipedia. Det er enkelt å slå opp i, mange oppslagsord og mykje stoff. I og med at alle kan vere med å bidra vil det vere bra oppdatert. Har ikkje lagt inn nokon artikkel sjøl, men kunne sikkert funne på å legge til/ redigere ein allereie eksisterande artikkel dersom eg fann det viktig. Verkar enkelt og greit. Gjekk iallefall veldig greit å legge inn bokmelding i Pbwiki.
Var også innom wikiane BibliotekSATS og Libsuccess. Her var det mykje spennande å hente, så kjem nok til å bruke desse meir. Norske forfattere vart eg litt skuffa over, men ligg ikkje desse i Wikipedia allereie? Veit ikkje om eg kjem til å bruke den noko særleg. Biblioteklaboratoriet er heller ikkje heilt min tekopp, men sikkert ok for dei som vil ha den type informasjon.

tirsdag 16. november 2010

Podkast

Podkast er veldig, veldig kjekt. Har brukt NRK mykje. I ein hektisk kvardag er det mange gode program eg går glipp av, og då er dette perfekt. Har ikkje abonnert på noko program enno, men det trur eg at eg skal gjere. Så er eg sikker på at eg ikkje går glipp av noko.

Har sneia innom og høyrt på nokre bokpresentasjonar. Kjempekjekt å høyre mi gode venninne på Stavanger bibliotek halde bokprat om historiske romanar :) Oppland sine bokpods var veldig flotte. Dette må då vere eit kjempeflott tilbod til lesehungrige. Og sjølv om ikkje Førde bibliotek har ressursar til å sette i gang med dette, så kan vi vel tipse brukarane våre om alle desse spennande bokomtalane som allereie fins der ute? Det må eg bli mykje flinkare til. Sikkert mange som kan ha glede av det. (Kanskje veit dei det allereie, det er berre eg som er treg).

Forresten så begynte eg å lure på om dette kan vere aktuelt for dei av oss som blir litt raude i kjakane når det kjem til bokpresentasjonar. Kanskje det er her vi kan finne vår plass i sola, gøymt inn i ein duppedings, helst usett. Anne kan ta den fysiske turen opp til 8.klassingane for å sette i gang bokpraten, og så ligg eg lett henslengt i podkast. 

YouTube

YouTube brukar eg ofte, kanskje mest til musikk. Har dessverre ikkje nytta det så mykje i jobbsamanheng, men det burde eg kanskje. Iallefall fann eg denne videosnutten særs nyttig:

 

Og følgjer vi denne bibliotekarens gode råd, så får vi mykje meir tid til andre fornuftige gjeremål. Som t.d. å glede oss til jul saman med Charlie Brown og knøttene. Enjoy!

mandag 15. november 2010

Flickr

Også Flickr har eg vore innom tidlegare. Fulgte med på husbygging og hageplanering til min tidlegare kollega og gode venninne då dei flytta til Gjøvik (eller var det Lillehammer?). Etterkvart fall eg av. No har eg laga meg ein brukarID her også, har lagt inn nokre bilete og "joina" nokre grupper. Finn mange nydelege bilete frå heimbygda mi Sykkylven, så tanken no var å legge ut eit flott bilete tatt frå Straumshornet, med utsikt til garden eg kjem frå. Men det gjekk ikkje utan tillatelse frå fotografen. No veit eg kven fotografen er, og hadde mest truleg fått godkjenning, men i og med at eg har så dårleg tid så får de heller få eit flott bilete frå Yorkshire-området (trur det er rett område). Og det passar ganske så bra i og med at eg akkurat no les Dyrlegens muntre memoarer av James Herriot. God bok!

Long summers
by Paul Denton Cocker

Twitter

No er fruen komen i siget altså. Prøver å ta eit siste skippertak slik at eg ikkje vert pepen ut på torsdag.
Heldigvis har eg vore innom dei fleste av desse sosiale møtestadane som vi har hatt oppgåve om til no. Men frå og med denne så vert det annleis, så no må eg verkeleg begynne å jobbe!

Har snust på Twitter tidlegare, mykje spennande og mange interessante personar eg kunne ha tenkt meg å følgje. Og kvitringa til fylkesbiblioteket var veldig fin og opplysande. Hadde forresten ikkje fått med meg den fine presentasjonen av ungdomsbøker som dei har laga før no. Dei har sikkert lagt den ut på heimesida også, men den har gått meg hus forbi.
Ser så absolutt nytten av Twitter, men samtidig er eg litt usikker på om biblioteket klarer å henge med i alle kanalar. Sjølv om det ikkje tek så lang tid å kvitre ut ei melding, så må vi tenke oss nøye om kva vi bruker tida vår på.

Origo

Har nytta Origo tidlegare i jobbsamanheng. Første gong eg fekk vite om det var av ein brukar på biblioteket, han hadde høyrt om eit arrangement i Jølster som han trudde låg på Origo. Sidan har eg hatt ein profil der, men vore lite aktiv. Er medlem av 5 soner, blant anna Fjordaglimt og Førde Il Fotball 95. Sistnevnte sone vart oppretta for spelarar og foreldre av Førde IL sine fotballgutar, født i 1995 og som har bakgrunn frå Slåttenområdet. Har tenkt å legge ut bilete som eg har tatt under kampar, turneringar, m.m, men det har blitt med tanken. Ser også at siste innlegg var i februar 2009, så vi er ikkje så veldig aktive.
På torsdag i forrige veke la eg for første gong ut info om Lesestund i biblioteket. Det var ikkje heilt enkelt, for eg klarte ikkje med ein gong å sjå at innlegget hadde kome ut på nettet. Men det hadde det visstnok. Ser absolutt muligheten her. Og så hadde eg lenge lurt på korleis vi kunne få arrangementa på biblioteket inn i kalenderen som ligg på nettsida til Førdehuset. Det viste seg at arrangement som vart lagt inn i Origo, automatisk blir lagt til i kalenderen! Nesten litt flaut at eg ikkje var klar over dette, men pytt, pytt... Origo kjem eg altså heilt sikkert til å fortsette å bruke.

Nettsamfunn

Eg er rimeleg forsiktig med kva eg legg ut av private ting på nettet. Kanskje vel forsiktig? Eg har vore medlem av både Facebook og Origo, der Facebook er den eg brukar desidert mest og som eg har lagt ut noko på. Origo har eg nytta mest i jobbsamanheng, og det er først no den siste veka eg forsøkte å legge ut noko der.
På min private Facebook-konto har eg avgrensa profilen min til venner. Og eg legg ikkje ut noko på nettet som eg ikkje kunne ha stått på ein talarstol og sagt. Så her er eg på trygg grunn.

Som mor, derimot, kan eg kjenne ein viss engstelse. Veit at jentene av og til får spørsmål frå "venner" på nettstaden Habbo om kva dei heiter, kor dei bur, kor gamle dei er, om dei har mob, etc. Så vi har snakka saman og laga oss eit sett køyrereglar for kva som er greit/ ikkje greit å oppgi. Håpar og trur dei held seg til reglane.

PS: Kom på at eg prøvde Nettby ein gong, men der var eg for gammal, altså! Og så har eg testa ut SecondLife, om det kan kallast eit nettsamfunn. Men skjønte fort at eg hadde nok med mitt virkelege liv!

Sosiale bokmerker

Fekk tips om Bokelskere av ein praksisstudent hos oss, så eg har vore bokelskar i snart eit år. Var veldig spennande i starten, og hadde planer om å legge inn all barnelitteratur som eg las og som eg ellers ville ha gløymt at eg har lese. Det gjekk sjølvsagt ikkje. Så no er eg innom og oppdaterer av og til, men ikkje så ofte.
LibraryThing verkar veldig spennande, så det skal eg utforske meir. Kanskje legge inn alle bøkene eg har i hyller, skap og kasser rundt omkring. Meinar også at det var her ein kunne finne "noko som liknar"-tips? Det kan jo vere nyttig å ty til når klokka er fem på fire ein fredag ettermiddag og det kjem ein lånar inn døra som har lese DEN gode boka og vil ha ei tilsvarande. Ikkje alltid like lett å finna noko på sparket, og iallefall ikkje når haudet allereie har tatt helg. Del.icio.us var eg så vidt innom, men veit ikkje om eg kjem til å bruke det noko særleg. Stumbleupon likte eg veldig godt. Det fins no mykje rart der ute på verdsveven, og eg brukte i dag nokre minutt på å sjå på at nokon knuse eit egg på den mest kompliserte måten som vel kan gå ann! Og så fann eg mange nyttige nettsider som eg kanskje ellers ikkje ville ha tenkt over eksisterte. Må sikkert brukast ein del iom at ein skal gi tommel opp eller ned, alt etter om ein likar det eller ikkje. Så skal dette etterkvart gje grunnlag for å finne akkurat det som passar deg. Reddit, som skal liste opp alt som er nytt og hot, fann eg ikkje så veldig aktuelt for meg. Eg likar det best gamalt og gale. Digg verkar ok, men veit ikkje om eg orkar å følgje med.
Alt i alt er det vel helst Bokelskere.no og LibraryThing.com eg kjem til å bruke mest.

torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Veit at dette er litt i grenseland for kva som er tillatt, men merkar konkurransen blant kursdeltakarane, og vel difor ein snarveg. Viser til Anja sin blogg. Det ho har skrive om Facebook er veldig Meg!!
Følte meg som ein kjeltring her, så sjølv om det sikkert er ok å vise til andre intelligente innlegg, så får eg vel hoste opp nokre eigne erfaringar. Var veldig tidleg ute med profil på fjesboka, men starten vart litt for brå, så eg "slo den av" ei god stund. No har eg etterkvart skjønt at eg ikkje treng å skrive noko og iallefall ikkje sende meldingar eller hyggelege innlegg til kvar einaste person som ønskjer å bli venn med meg. Men kjempekjekt å få nye venner, og gjenoppdage gamle.
Eg er ikkje så aktiv på kommentarar, synes det er vanskeleg å vite kva som kan vere interessant for andre å vite. Vil jo ikkje vere blant dei som skryt over alle festane dei er med på eller alle dei spennande reisene ein har. At eg så og seie aldri er på fest og berre reiser på hytta har ingenting med saken å gjere. Eller? Men det er rart med det, eg likar å lese om alle andre, kvar dei er og kva dei gjer på. Vite at dei er der ute, og at dei også av og til har Grandiosa til middag. Så dette betyr vel at eg eigentleg er ein kikkar....  

Nyheitsstraumar og iGoogle

Skal skrive mine tankar om nyheitsstraumar, og min tanke er som følgjer: Kan ein skrive nyheitsstraum på nynorsk? Eg hadde ein veldig streng, men dyktig, norsklærar på vidaregåande (svigermor!!) og ho ga oss klar melding om at vi skulle unngå å omsette -het-ord til -heit på nynorsk. Nyhet er nyhende på nynorsk, likevel rart å skrive nyhendestraumar. Men å skrive nyheitsstraumar sit laangt inne, og kan i verste fall lage ugreie i eit ellers så godt familieforhold. Med desse kvalane håpar eg på forståing for at eg ligg litt etter kursskjemaet. Har no likevel valgt å stole på fylkesbiblioteket, eg skriv nyheitsstraumar, og håper det blir hyggelig jul i år også.
Som god bibliotekar har eg lagt til etikett på begge målføre.

Har nett prøvd meg på iGoogle. Full forvirring her. Kanskje ikkje så lurt å prøve å kome ajour med oppgåvene når kurshaldar Siv og alle andre snakkar om nettsamfunn. Lovar å jobbe vidare med dette.

mandag 4. oktober 2010

Direkte kommunikasjon

Ei god venninne, som er ein racer på web 2.0, fekk meg i føremiddag til å tilbringe eit heilt kvarter (eller litt meir) på chatter'n. I løpet av få minutt klarte vi å snakke både om barndomskjærestar og Knausgård. Til og med ho som eg deler kontor med, heiv seg på og deltok med stor iver.
Jada, fint verkty, gratis og stille (iallefall om ein ikkje har mikrofon). Nettprat kan sikkert også nyttast med endå større fagleg utbytte enn det vi presterte i dag.

Når eg no får tenkt meg om, så har eg faktisk brukt Skype eit par gongar. Då med videokamera. Kjekt å sjå den ein snakkar med, sjølv om det betyr at ein bør gre håret.

Oppgåve om blogging

Å kunne ta ei rask beslutning og stå fast ved den, er eigenskapar eg beundrar. Dessverre er eg langt unna. Har no brukt maange timar på å prøve ut fargar og bakgrunnar til bloggen min. Har lyst på ein enkel og rein stil, samtidig vil eg ha fine bilder og fargar. Men trur eg berre får konsentrere meg om innhaldet førebels. Og det går vel an å endre bakgrunn underveis om ein skulle bli lei?

torsdag 30. september 2010

Ein smak av web 2.0

Bloggen er hermed oppretta, og eg er i ferd med å smake på 2.0. Veldig spennande!
Eg er altså på kurs i web 2.0 og skal i løpet av åtte veker bli kjent med blogging, chat, nyheitsstraumar, sosiale bokmerker, nettsamfunn, Facebook, Twitter, podcasting m.m.
Første kursdag starta veldig fint med inspirasjonsføredrag v/Thomas Bredvik. Han fortalte om sin bruk av sosiale media, både privat og i jobbsamanheng. Utruleg kva den mannen får med seg - han skriv ikkje mindre enn tre bloggar, legg bilete ut på Flickr, og er aktiv både på Facebook og Twitter. Og sjølv om eg visste litt om sosiale media frå før av, så var det så absolutt nokre nye nettstader eg må sjekke ut (f.eks LibraryThing) Vi fekk også mange nyttige tips til korleis vi bruker sosiale media. Mellom anna fekk vi beskjed om at det som vert lagt ut ikkje må vere prefekt, og det trur eg er viktig å hugse på for den som er pittelitt perfeksjonist. Og så må vi ha klart for oss kva vi vil med bruken av desse media.
Alt i alt ein veldig fin start på kurset.

Så då er vi i gang...