Bloggen er hermed oppretta, og eg er i ferd med å smake på 2.0. Veldig spennande!
Eg er altså på kurs i web 2.0 og skal i løpet av åtte veker bli kjent med blogging, chat, nyheitsstraumar, sosiale bokmerker, nettsamfunn, Facebook, Twitter, podcasting m.m.
Første kursdag starta veldig fint med inspirasjonsføredrag v/Thomas Bredvik. Han fortalte om sin bruk av sosiale media, både privat og i jobbsamanheng. Utruleg kva den mannen får med seg - han skriv ikkje mindre enn tre bloggar, legg bilete ut på Flickr, og er aktiv både på Facebook og Twitter. Og sjølv om eg visste litt om sosiale media frå før av, så var det så absolutt nokre nye nettstader eg må sjekke ut (f.eks LibraryThing) Vi fekk også mange nyttige tips til korleis vi bruker sosiale media. Mellom anna fekk vi beskjed om at det som vert lagt ut ikkje må vere prefekt, og det trur eg er viktig å hugse på for den som er pittelitt perfeksjonist. Og så må vi ha klart for oss kva vi vil med bruken av desse media.
Alt i alt ein veldig fin start på kurset.
Så då er vi i gang...