torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Veit at dette er litt i grenseland for kva som er tillatt, men merkar konkurransen blant kursdeltakarane, og vel difor ein snarveg. Viser til Anja sin blogg. Det ho har skrive om Facebook er veldig Meg!!
Følte meg som ein kjeltring her, så sjølv om det sikkert er ok å vise til andre intelligente innlegg, så får eg vel hoste opp nokre eigne erfaringar. Var veldig tidleg ute med profil på fjesboka, men starten vart litt for brå, så eg "slo den av" ei god stund. No har eg etterkvart skjønt at eg ikkje treng å skrive noko og iallefall ikkje sende meldingar eller hyggelege innlegg til kvar einaste person som ønskjer å bli venn med meg. Men kjempekjekt å få nye venner, og gjenoppdage gamle.
Eg er ikkje så aktiv på kommentarar, synes det er vanskeleg å vite kva som kan vere interessant for andre å vite. Vil jo ikkje vere blant dei som skryt over alle festane dei er med på eller alle dei spennande reisene ein har. At eg så og seie aldri er på fest og berre reiser på hytta har ingenting med saken å gjere. Eller? Men det er rart med det, eg likar å lese om alle andre, kvar dei er og kva dei gjer på. Vite at dei er der ute, og at dei også av og til har Grandiosa til middag. Så dette betyr vel at eg eigentleg er ein kikkar....  

Nyheitsstraumar og iGoogle

Skal skrive mine tankar om nyheitsstraumar, og min tanke er som følgjer: Kan ein skrive nyheitsstraum på nynorsk? Eg hadde ein veldig streng, men dyktig, norsklærar på vidaregåande (svigermor!!) og ho ga oss klar melding om at vi skulle unngå å omsette -het-ord til -heit på nynorsk. Nyhet er nyhende på nynorsk, likevel rart å skrive nyhendestraumar. Men å skrive nyheitsstraumar sit laangt inne, og kan i verste fall lage ugreie i eit ellers så godt familieforhold. Med desse kvalane håpar eg på forståing for at eg ligg litt etter kursskjemaet. Har no likevel valgt å stole på fylkesbiblioteket, eg skriv nyheitsstraumar, og håper det blir hyggelig jul i år også.
Som god bibliotekar har eg lagt til etikett på begge målføre.

Har nett prøvd meg på iGoogle. Full forvirring her. Kanskje ikkje så lurt å prøve å kome ajour med oppgåvene når kurshaldar Siv og alle andre snakkar om nettsamfunn. Lovar å jobbe vidare med dette.

mandag 4. oktober 2010

Direkte kommunikasjon

Ei god venninne, som er ein racer på web 2.0, fekk meg i føremiddag til å tilbringe eit heilt kvarter (eller litt meir) på chatter'n. I løpet av få minutt klarte vi å snakke både om barndomskjærestar og Knausgård. Til og med ho som eg deler kontor med, heiv seg på og deltok med stor iver.
Jada, fint verkty, gratis og stille (iallefall om ein ikkje har mikrofon). Nettprat kan sikkert også nyttast med endå større fagleg utbytte enn det vi presterte i dag.

Når eg no får tenkt meg om, så har eg faktisk brukt Skype eit par gongar. Då med videokamera. Kjekt å sjå den ein snakkar med, sjølv om det betyr at ein bør gre håret.

Oppgåve om blogging

Å kunne ta ei rask beslutning og stå fast ved den, er eigenskapar eg beundrar. Dessverre er eg langt unna. Har no brukt maange timar på å prøve ut fargar og bakgrunnar til bloggen min. Har lyst på ein enkel og rein stil, samtidig vil eg ha fine bilder og fargar. Men trur eg berre får konsentrere meg om innhaldet førebels. Og det går vel an å endre bakgrunn underveis om ein skulle bli lei?