mandag 4. oktober 2010

Direkte kommunikasjon

Ei god venninne, som er ein racer på web 2.0, fekk meg i føremiddag til å tilbringe eit heilt kvarter (eller litt meir) på chatter'n. I løpet av få minutt klarte vi å snakke både om barndomskjærestar og Knausgård. Til og med ho som eg deler kontor med, heiv seg på og deltok med stor iver.
Jada, fint verkty, gratis og stille (iallefall om ein ikkje har mikrofon). Nettprat kan sikkert også nyttast med endå større fagleg utbytte enn det vi presterte i dag.

Når eg no får tenkt meg om, så har eg faktisk brukt Skype eit par gongar. Då med videokamera. Kjekt å sjå den ein snakkar med, sjølv om det betyr at ein bør gre håret.

1 kommentar:

  1. Når ein er så lite glad i kamera som meg, held ein seg definitivt unna Skype! Men det er bra du ikkje er så skuggeredd som meg..........Eg held meg nok til vanleg chat.

    SvarSlett