Følte meg som ein kjeltring her, så sjølv om det sikkert er ok å vise til andre intelligente innlegg, så får eg vel hoste opp nokre eigne erfaringar. Var veldig tidleg ute med profil på fjesboka, men starten vart litt for brå, så eg "slo den av" ei god stund. No har eg etterkvart skjønt at eg ikkje treng å skrive noko og iallefall ikkje sende meldingar eller hyggelege innlegg til kvar einaste person som ønskjer å bli venn med meg. Men kjempekjekt å få nye venner, og gjenoppdage gamle.
Eg er ikkje så aktiv på kommentarar, synes det er vanskeleg å vite kva som kan vere interessant for andre å vite. Vil jo ikkje vere blant dei som skryt over alle festane dei er med på eller alle dei spennande reisene ein har. At eg så og seie aldri er på fest og berre reiser på hytta har ingenting med saken å gjere. Eller? Men det er rart med det, eg likar å lese om alle andre, kvar dei er og kva dei gjer på. Vite at dei er der ute, og at dei også av og til har Grandiosa til middag. Så dette betyr vel at eg eigentleg er ein kikkar....
Ha-ha! Morsomt at du har tagga innlegget ditt med "Kikkar-tendensar"!! Trur ingen har brukt den før. Må seie du er samvittigheitsfull, Iren! :) Oppgåve godt bestått!
SvarSlettHe he, Iren! Du viser sjølvinnsikt, ser eg.......men også Guriinnsikt! Kjenner meg godt igjen, ser du!
SvarSlettTykkjer det er modig og ærleg å stå fram som kikar! Det gjer det lettare for oss andre å kome ut av skåpet!
SvarSlett