torsdag 21. oktober 2010

Nyheitsstraumar og iGoogle

Skal skrive mine tankar om nyheitsstraumar, og min tanke er som følgjer: Kan ein skrive nyheitsstraum på nynorsk? Eg hadde ein veldig streng, men dyktig, norsklærar på vidaregåande (svigermor!!) og ho ga oss klar melding om at vi skulle unngå å omsette -het-ord til -heit på nynorsk. Nyhet er nyhende på nynorsk, likevel rart å skrive nyhendestraumar. Men å skrive nyheitsstraumar sit laangt inne, og kan i verste fall lage ugreie i eit ellers så godt familieforhold. Med desse kvalane håpar eg på forståing for at eg ligg litt etter kursskjemaet. Har no likevel valgt å stole på fylkesbiblioteket, eg skriv nyheitsstraumar, og håper det blir hyggelig jul i år også.
Som god bibliotekar har eg lagt til etikett på begge målføre.

Har nett prøvd meg på iGoogle. Full forvirring her. Kanskje ikkje så lurt å prøve å kome ajour med oppgåvene når kurshaldar Siv og alle andre snakkar om nettsamfunn. Lovar å jobbe vidare med dette.

2 kommentarer:

  1. Nyheit er lov å skrive iflg. nynorskordboka. For meg er det eit betre ord enn nyhende, som føles framand for meg sidan eg seier nyheit når eg snakkar. Men det er fullt lovleg å bruke det ordet du føler for! Elles synes eg at det er myjke betre å bruke eit norsk ord enn til dømes "feed".

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tilbakemelding og godkjenning:-) Heilt einig i at det å bruke norske ord er best. Kom forresten igjen til å tenke på det Thomas sa om at ikkje alt må vere perfekt. Så her glapp det for meg. Men det er utruleg kor mykje tid ein kan bruke på sånt flisespikkeri. Håper det kjem seg etterkvart, ellers blir det lite produktivt.

    SvarSlett