Google docs er glimrande! Har brukt det litt tidlegare, til budsjettoppsett og kalenderføring saman med den utearbeidande husbonden min, og til å følgje med på kampresultat under fotballcupar o.l. Men først då Guri inviterte meg med på å opprette ei liste over gode ungdomsbøker vart det gøy! Det er meint at denne lista skal vere til hjelp for oss og andre i vårt daglege virke. Eg har allereie påført nokre nye titlar, og meir skal det bli. Sidan vi er så godt i gang, så valgte eg å legge vårt felles dokument inn i bloggen min. Eg har altså ikkje oppretta dette sjølv, men skjønar framgangsmåten. Guri gjorde meg til medeigar (owner) av dokumentet, av di vi ikkje var heilt sikre på om det hadde betydning for om eg fekk publisert det eller ei.
Ser ikkje så aller verst ut. Bala ein del med å endre storleiken på vindauget, antakeleg har eg kopiert nokre teikn for mykje. Men etter nitidig konsentrasjon og høgtlesing gjekk det kjempefint. Å endre storleiken ved å dra i hjørna på tekstvindauget fekk eg ikkje til.
TIL GURI: Prøver så godt eg kan å skrive etter ditt mønster, men teksten hoppar rundt og legg seg både her og der. Har ikkje tid til å gjere noko meir med det i dag, for no skal det skrivast OPPSUMMERING. HURRA!!
guuuu kor flink du er
SvarSlettTusen takk:D Det var deilig å ha det unnagjort. Og du er der snart du også. Skulle sjølvsagt ha gjort litt meir ut av kvart enkelt medium, men no har vi fått ei viss oversikt og kan drodle vidare på eiga hand. Om vi får tid.
SvarSlettDet ser heilt greit ut, Iren, er berre Sortland som har så skrekkeleg lange titlar.......
SvarSlett