tirsdag 16. november 2010

Podkast

Podkast er veldig, veldig kjekt. Har brukt NRK mykje. I ein hektisk kvardag er det mange gode program eg går glipp av, og då er dette perfekt. Har ikkje abonnert på noko program enno, men det trur eg at eg skal gjere. Så er eg sikker på at eg ikkje går glipp av noko.

Har sneia innom og høyrt på nokre bokpresentasjonar. Kjempekjekt å høyre mi gode venninne på Stavanger bibliotek halde bokprat om historiske romanar :) Oppland sine bokpods var veldig flotte. Dette må då vere eit kjempeflott tilbod til lesehungrige. Og sjølv om ikkje Førde bibliotek har ressursar til å sette i gang med dette, så kan vi vel tipse brukarane våre om alle desse spennande bokomtalane som allereie fins der ute? Det må eg bli mykje flinkare til. Sikkert mange som kan ha glede av det. (Kanskje veit dei det allereie, det er berre eg som er treg).

Forresten så begynte eg å lure på om dette kan vere aktuelt for dei av oss som blir litt raude i kjakane når det kjem til bokpresentasjonar. Kanskje det er her vi kan finne vår plass i sola, gøymt inn i ein duppedings, helst usett. Anne kan ta den fysiske turen opp til 8.klassingane for å sette i gang bokpraten, og så ligg eg lett henslengt i podkast. 

1 kommentar:

  1. Eg legg freidig inn lenker til andre bibliotek sin fine innsats på våre facebooksider, m.a. Oppland. Det blir dei vel berre glade for, at me markedsfører dei? Alle treng jo ikkje finna opp kruttet, når det held å få det til å smella ein gong til? ;)

    SvarSlett